🎅🏽Julekalendaren til IL Bjørn er ein av dei mange kjekke tradisjonane våre i førjulstida🎅🏽
Har du lyst å støtte klubben din, få litt spenning i kvardagen og vere med i trekninga om mange flotte gevinstar må du sikre deg ein slik ein ganske raskt✨
IL Bjørn ynskjer å seie tusen hjarteleg TAKK! til alle bedrifter, privatpersonar, lag og organisasjonar som har sponsa oss med så mykje flotte gevinstar! Her er mykje å glede seg til for alle – uansett alder og interesser✨
Me håpar du tek godt i mot selgarane våre som kjem på døra di komande veke❄️✨
Skribent: Paulina Regina Jasek
✨Bjønnaposten 2017 ✨
1.desember er her, og adventsstemning for oss i IL Bjørn er å opne rykande ferske eksemplar av Bjønnaposten ⭐🎄 Store og små seljarar er i gong og bankar snart på døra di, me håpar de alle tek godt i mot dei. Gled dykk til god lesnad! PS. Du kan betale med Vipps.