Futsalturnering i Gaupne

Futsalturnering i Gaupne

Søndag den 19. november arrangerte IL BJØRN FOTBALL futsalturnering for 10-14 år, både gutar og jenter:

Me har hatt 34 lag innom idrettshallen. Det var lag frå Norane, Syril, Sogndal, Åtil, Kaupanger, Bjørn, Hafslo, Lærdal og maaaange lag frå Jotun 👍
Laga har spelt 64 kampar frå kl 09:00-20:40 og dei scora til saman 151 mål⚽👍
ALLE Spelarar og trenarar har vist gode haldningar i god FairPlay ånd. 🙂arrangementet klarte me å gjennomføre etter tidsskjema ved hjelp av dikka 👍👍
Takk til dommarane Christoffer, Simon, Mats, Jacob, John Erik, Marius og Martin som alle har gjort ein kjempejobb! Takk til 28 foreldre som har stilt opp på dugnad i kiosken-der det bla vart solgt 30 liter lapskaus, 140 pølser med brød, ca 100 pizzasnurr. 20 liter med vaffelrøre gjekk det og med😀Safta me fekk av Lerum vart og oppdrukki 😊 so her har publikum fått kosa seg med god underhaldning og mykje god mat.
John Oddvar, Benedicte og Anne losa oss fint gjennom dagen med si speakerteneste 👍
Salong Perry - Topp til tå, Pyramiden Frisør, Gaupnetunet, Luster Radio Tv Service As, Luster Bok, Coop Prix Gaupne og Sportsbui AS støtta oss med fine gevinstar til loddsal👍
Sist, men ikkje minst-takk til NFF Sogn og Fjordane for at me fekk anledning til å vera arrangørar!
Helsing frå kioskansvarleg og fotballstyret