Fotball

Fotball

For IL Bjørn fotball sine lag er det høg aktivitet og i klubben tel me om lag 250 spelarar og meir enn 50 trenarar og lagleiarar.
I 2023 inngjekk me klubbsamarbeid med Hafslo og Fanaråk, samt at me samarbeider med Kaupanger. Dette for å sikre endå meir aktivitet på rett nivå. Saman med samarbeidsklubbane tel me over 300 spelarar. 

Kvar veke er våre spelarar og frivillige trenarar og lagleiarar i sving for å legge til rette for treningar og kampar. Me har også foreldre som stiller opp som kampvertar, på dugnadar og andre aktivitetar i klubben.

Fotball er den gruppa i IL Bjørn som har mest aktivitet og flest medlemmar, og derfor er det viktig at klubben også har eit velfungerande fotballstyre.

Frå april 2026 har fotballstyret følgjande samansetnad med rollebeskrivingar:

 

Joar Fossøy er leiar.
Han har det overordna ansvaret for utarbeiding/vidareutvikling av strategi og planar for klubben. Leiar er også sportsleg ansvarleg, FIKS-ansvarleg og Kvalitetsklubbansvarleg. Leiar held dialog og rapporterer til fotballstyret.

Hege Stein er nestleiar, fair play-ansvarleg og politiattest-ansvarleg.
Som fair play-ansvarleg har Hege det overordna ansvaret for fair play-arbeidet i klubben og er med å sikrar at klubben ivaretek våre verdiar: trygg, inkluderande og modig. Rekrutteringsansvarleg og miniputtansvarleg høyrer til nestleiaren i organisasjonskartet, men her fordeler me ansvaret.

Bente Iren Joranger er rekrutterings-ansvarleg
Jobbar med å tiltrekke seg spelarar, trenarar og frivillige i klubben. All rekruttering er viktig, men ansvaret for oppstart av nye årskull er ei av kjerneoppgåvene. Saman med Heidi Ugulen er også Bente Iren miniputtansvarleg.

Evy Fuglesteg Veiland er arrangements-ansvarleg.
Dette inneber at Evy har det overordna ansvaret for planlegging, koordinering og gjennomføring klubben sine arrangement i løpet av året. Til denne rolla ligg også kioskansvaret i organisasjonskartet, men også her er ansvaret fordelt

Hilde Røneid er kioskansvarleg,
Hilde styrer den daglege drifta med kiosken, har økonomiansvar og er bindeleddet mellom styret og trenar/lagleiar.

 Kent Monsen er trenarveiledar.
Denne rolla handlar mellom anna å om å veilede og følgje opp trenarane i klubben med utgangspunkt i klubben sin sportsplan.

 

 Bernt Aleksander Elle er spelarutviklar og landslagsskule-ansvarleg.
Spelarutviklar har ansvar for mellom anna spelarutviklinga i klubben, samt koordinering av hospitering. Landslagsskuleansvarleg nominerer og følgjer opp alle spelarar som er uttekne på sone og/eller kretslag.

 Frode Bergum er dommar-ansvarleg.
Hovudoppgåva er å følgje opp og veilede dommarar. Dette gjer dommaransvarleg mellom anna ved å ha god kontakt og godt samarbeid med klubben sine dommarar, lagleiarar og trenarar. Dommaransvarleg lagar dommarlister kvar veke. Alle i fotballstyret skal vere synlege på Luster idrettspark, der ei av oppgåvene er å følgje opp dommarar.

Glenn Joar Øvregard er anleggs-ansvarleg.Til denne rolla føl mykje av det førefallande arbeidet som skal gjerast på Luster idrettspark som til dømes slådding av bane, brøyting av bane og søppeltømming.

 

 

 

 

 

 

 

Leiar

Joar Fossøy
tel.95915134
fotball@ilbjorn.no

Mars 2026:
No er IL Bjørn fotball si klubbhandbok og Sportsplan revidert, oppdatert og tilgjengeleg her:

Følg våre lag

Il Bjørn sin klubb side hjå NFF.

Følg Bjørn-laga på MinFotball-appen!

Lenkjer


#110 131
IL BJØRN FOTBALL