Fotball
For IL Bjørn fotball sine lag er det høg aktivitet og i klubben tel me om lag 250 spelarar og meir enn 50 trenarar og lagleiarar.
I 2023 inngjekk me klubbsamarbeid med Hafslo og Fanaråk, samt at me samarbeider med Kaupanger. Dette for å sikre endå meir aktivitet på rett nivå.
Saman med samarbeidsklubbane tel me over 300 spelarar.
Kvar veke er våre spelarar og frivillige trenarar og lagleiarar i sving for å legge til rette for treningar og kampar. Me har også foreldre som stiller opp som kampvertar, på dugnadar og andre aktivitetar i klubben.
Fotball er den gruppa i IL Bjørn som har mest aktivitet og flest medlemmar, og derfor er det viktig at klubben også har eit velfungerande fotballstyre.
Frå april 2024 har fotballstyret følgjande samansetnad med rollebeskrivingar:
Joar Fossøy er leiar og han har det overordna ansvaret for utarbeiding/vidareutvikling av strategi og planar for klubben.
Leiar er også sportsleg ansvarleg, FIKS-ansvarleg og Kvalitetsklubbansvarleg.
Leiar held dialog og rapporterer til fotballstyret.
Oddny Iren Norheim er nestleiar.
Til denne rolla ligg i tillegg kioskansvarleg, arrangementsansvarleg og rekrutteringsansvarleg.
Saman med Heidi Ugulen er også nestleiar miniputtansvarleg.
Fair play-ansvarleg høyrer til nestleiaren i organisasjonskartet, men dette ansvaret er det Hege Urnes som har.
Fair play-ansvarleg har i tillegg ansvar for politiattestar.
Kent Monsen er trenarveiledar.
Denne rolla handlar mellom anna å om å veilede og følgje opp trenarane i klubben med utgangspunkt i klubben sin sportsplan.
Bernt Aleksander Elle er spelarutviklar og landslagsskuleansvarleg.
Spelarutviklar har ansvar for mellom anna spelarutviklinga i klubben, samt koordinering av hospitering.
Landslagsskuleansvarleg nominerer og følgjer opp alle spelarar som er uttekne på sone og/eller kretslag.
Frode Bergum er dommaransvarleg. Hovudoppgåva er å følgje opp og veilede dommarar.
Dette gjer dommaransvarleg mellom anna ved å ha god kontakt og godt samarbeid med klubben sine dommarar, lagleiarar og trenarar.
Dommaransvarleg lagar dommarlister kvar veke.
Alle i fotballstyret skal vere synlege på Luster idrettspark, der ei av oppgåvene er å følgje opp dommarar.
Espen Bolstad er anleggsansvarleg.
Til denne rolla føl mykje av det førefallande arbeidet som skal gjerast på Luster idrettspark som til dømes slådding av bane, brøyting av bane og søppeltømming.
Geir Hauge er styremedlem som hjelper særskilt til inn mot arrangement, samt oppfølging av dommarar.
Leiar
Joar Fossøy
tel.95915134
fotball@ilbjorn.no
#110 131
IL BJØRN FOTBALL