Medlemskap

Fordeler med medlemskap

Det er sosialt å vera med i eit idrettslag, og VÅRT idrettslag treng akkurat DEG med på laget.
For din kompetanse, for ditt engasjement, for dine idear og for rekruttering.

IL Bjørn tilbyr familiekontingent. Dette kostar 750 pr familie og dekkar foreldre, born og ungdom (til og med 19 år), som bur på same adresse.

Enkeltmedlemer kostar kr 300 som tidlegare.

Dersom de ynskjer familiemedlemsskap må de sende ein e-post til medlem@ilbjorn.no med oversikt over kven som skal inngå i familiemedlemsskapet (namn + fødselsdato).

Alle som deltek i aktivitet i IL Bjørn må ha medlemsskap, anten du er aktiv, styremedlem, trenar eller har andre rollar i organisasjonen. Me set òg stor pris på alle som ynskjer å vere støttemedlem hjå oss.

Elles er me veldig glade om fleire av foreldra vel å støtte idrettslaget sjølv om de ikkje har aktive verv. Då er de med og støttar opp om det arbeidet som alle våre friviljuge gjer for ungane dykkar i idrettslaget.

For å få 15% på alle varer på Sportsbui på Pyramiden må ein vere registrert som medlem.

Medlemskontingent vart sendt ut tidleg i 2025, ilag med treningsavgift for dei som er aktive i handball, ski og trim.
Ein god del av våre medlemer har enno ikkje registrert e-post/oppdatert kontaktinformasjon og me oppmodar difor alle våre medlemer til å sjekke opp sine eigne opplysningar på https://www.minidrett.no/ der de skal finne oversikt for dykk og dykkar familie.

Dersom de ikkje har motteke medlemskontingent eller har spørsmål kring dette, send e-post til medlem@ilbjorn.no.

Framleis godt og aktivt 2025 frå oss i IL Bjørn!

 

Medlemspengar 2025

Medlemspengar for 2025 er av årsmøtet sett til:
Pr. person kr. 300,-
Familiemedlemskap kr. 750,-

Frå 2024 innførde idrettslaget ei forenkla treningsavgift.
Aktive medlemer betaler treningsavgift maksimum ein (1) gong , uavhengig av tal aktivitetar ein deltek i.

Treningsavgift 2025

Årleg treningsavgift   
0 - 5 år Kr. 0
6 - 9 år Kr. 300,-
10 - 14 år Kr. 600,-
15 - 19 år Kr. 800,-
20 år + Kr. 1000,-

Generalsponsor