fotball

Fotball

Det har vore stor aktivitet på banene våre i 2018 med over 250 spelarar og omlag 40 trenarar/lagleiarar som har vore i sving kvar veke, både med treningar og kampar.  Me har foreldre som har stilt opp som kampvertar, på dugnadar og har hatt kiosksal med sunn treningsmat som fokus.

Fotball er den gruppa i IL Bjørn som har mest aktivitet og flest medlemmer, og det er mykje å gjere for dei som har tek på seg verv i fotballstyret.

Her er litt informasjon om kva dei driv med og korleis oppgåvene er fordelt i 2019

Kent Monsen er leiar og den som skal ha oversikt over alle oppgåvene, og framdrifta i alle deler av gruppa. Ha kallar inn til møter, held dialogen med hovudstyret og har ansvar for økonomien.

Aud Jorunn Hellen er nestleiar og arrangementsansvarleg.

Joar Listou har ansvar for anlegg og bane; for at måla har nett, rydding og småsnekring og fiksing av ting på og rundt bana.

Hilde Røneid er FairPlay-ansvarleg i styret, og sørgar for at alle spelarar og foreldre signerar FairPlay kontraktar.

Øivind Kristiansen er dommaransvarleg og held styr på klubbdommarane våre. Målet er å halde på dei dommarane vi har og samstundes få fram nye dommarar. I IL Bjørn er det obligatorisk for 12- og 13-åringane å gjennomføre klubbdommarkurs. Dette for kanskje å fange interessa for dommargjerningane, men også for å vite litt om korleis det er å dømme.  I tillegg har han fått med seg ei dommargruppe som skal rullere på å vere på bana til ein kvar tid for å følgje opp dommarane. Dette er Bjørn Tore Årøy, Per Reidar Svangstu og Mads Hauge.

 

 

Leiar

Kent Monsen
tel.915 19 766
fotball@ilbjorn.no

Me har Vipps:

110 131  IL BJØRN FOTBALL