Luster idrettspark

Luster Idrettspark

Luster Idrettspark er eit omgrep som omfattar området ved Gaupne sentrum mellom Bruflat treningsfelt i nord-vest, Parken i Sør og Lustrabadet i sør-aust. Innanfor dette området finn ein etter kvart mange aktivitetstilbod til store og små.

Innanfor området ligg også skulane og det planlagde friskhuset i Gaupne. Aktivitetstilbod ein skal finna innanfor området er:

  • Konkurranseanlegg fotball på kunstgras med undervarme og flomlys
  • Treningsbaner på kunstgras med flomlys
  • Lustrabadet (idrettsbasseng, varmebasseng, stupetårn 5m, sklier, klatrevegg, ...)  
  • Treningssenter (sal, sykkel, pt, fysio, ...)
  • Komplett friidrettsanlegg med fire løpebaner, hoppanlegg, kastefelt og flomlys
  • Klatrepark
  • Sandvolleyball
  • Idrettshall
  • Lagshus
  • Ballbinge med kunstgras for fotball og handball
  • 3x3 ballbane på kunstgras for dei minste
  • Eit stort treningsfelt på gras

Framtidige nærmiljøanlegg som har vorte spela inn er

  • Rulleskibane som omkransar området
  • “Tuftepark”
  • Sykkelløype ved idrettsanlegget
  • Squashbane

Hjarta i idrettsparken

IL Bjørn er i sluttfasen med å prosjektere bygginga av eit komplett idrettsanlegg med kunstgrasbane, undervarme, lysanlegg, løpebaner, hoppanlegg, kastanlegg og treningsfelt fotball på kunstgras.

Anlegget er kostnadsrekna til 19 millionar og er finansiert av IL Bjørn saman med spelemidlar, Luster Sparebank og Luster Kommune.

Anlegget har fått idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning og har inne søknad om spelemidlar.

Dersom alt går etter planen skal anlegget stå klart til haustsesongen 2018. 

Kvifor bygger me nytt idrettsanlegg?

Gaupne stadion (også kjent som Sentralidrettsanlegg for Luster kommune) vart etablert i 1975. Status for dette anlegget er i dag kommuneanlegg for friidrett og fotball i Luster kommune. Det vart i 1999 inngått avtale mellom Luster kommune og IL Bjørn om drift av Gaupne stadion.

Kunstgrasbana som eksisterar i dag er eit brukt kunstgrasdekke frå Sognahallen som idrettslaget kjøpte og la direkte på grusbana i 2010. Sjølv om kvaliteten på denne bana ikkje kan reknast som standard, har tilgangen til kunstgras vore eit løft for aldersbestemt fotball i IL Bjørn. Bana er også nytta på dagtid av skulane i Gaupne.

Grasbana er også eit friidrettsanlegg. Status for friidrettsanlegget er prega av manglande oppgradering og fasilitetar som fast dekke og øvingsapparat for kast.

IL Bjørn har over 250 aktive fotballspelarar. Det er mange treningar og kampar som skal avviklast samstundes kvar veke. Det fører til store utfordringar med omsyn til banekapasitet. Treningsfeltet, som vart etablert i 2002, har vore avgjerande for å løyse kapasitetsutfordringa med kombinasjonen trening og kampar på same tidspunkt. 

Behov

I dag ser me at fotballsesongen varer vesentleg lenger enn vekstsesongen. Tradisjonelle grasbaner har for liten kapasitet i høve våre behov. Det vert trena heilt frå miniputtnivå frå mars/april månad fram til og med oktober. Frå 11-12 årsalderen byrjar ein også med faste treningar om vinteren.

Kunstgras med undervarme og flomlys gjev større fleksibilitet. Eir slikt anlegg kan brukast vesentleg tidlegare på våren, seinare på hausten, i regnperiodar og i vinterhalvåret. Ei kunstgrasbane med undervarme og flomlys har “ingen” restriksjonar. Med flomlys kan trening og kampar avviklast på kveldstid, seint på haust og om vinteren.

Fotballaktivitetar er i ferd med å utvikle seg til ein heilårsaktivitet. For idretten i Luster kommune er dette merkbart i forhold til den mengde treningstid som no er lagt til idrettshallen i Gaupne. Ved å bygga om grasbana til kunstgrasdekke og med undervarme vil kapasiteten i idrettshallen bli vesentleg betre. Den gjeldande avgrensinga på tilgang til treningstider for fotballaktivitetar i idrettshallen gjeld også andre idrettslag i kommunen.