Om medlemskap

Om medlemskap

Alle idrettslag får årleg tildelt lokale aktivitetsmidlar gjennom statsbudsjettet (tippemidlar), grunnstønad frå kommunen, gratis leige av kommunale bygg med meir. Alle slike goder og økonomisk støtte vert rekna ut frå tal medlemmer kvart enkelt idrettslag har.

Idrettslaget er ein arena for born og unge til å prøve ut ulike typar idrett, vere i fysisk aktivitet, sosialt samver og til å utvikle seg sportsleg innanfor trygge rammer. Alt dette kostar pengar og ikkje minst tid – og me treng fleire som dreg lasset i lag. Jo fleire medlemmer som støttar oss, jo fleire er det til å fordele arbeidsoppgåvene mellom og jo kjekkare vert det å bidra for kvar enkelt. Me har til ei kvar tid bruk for trenarar, lagleiarar, gruppeleiarar, sponsorarbeidarar, anleggsvedlikehald, administrativt arbeid for ikkje å snakke om kioskvakter, rydding, organisering av ettermiddagar og helgar i hall, på bane og ute på vegene til og frå kampar i fjern og nær. Me er heldige som har mange som stiller opp for IL Bjørn og gjere ein kjempejobb, men der er alltid plass til fleire. Mange som stiller opp er sjølve aktive eller mosjonistar, og nokon vel å vere støttemedlemmer – me er takksame for kvar og ein av dykk som ser verdien av å ha eit aktivt idrettslag i nærmiljøet.

Støtt idrettslaget og meld dykk inn!

Generalsponsor