Medlemskap

Medlemspengar 2018

Medlemspengar for 2018 er av årsmøtet sett til kr. 300,- per person.

Alle lag er plikta å nytte eit godkjent elektronisk medlemsregister, og IL Bjørn har avtale med 123klubb og deltaker.no.
Kontonummeret medlemspengane skal betalast inn til er derfor ikkje IL Bjørn sitt kontonummer, men kontonummeret til selskapet bak medlemsregisteret vårt.

Treningsavgift 2018

Frå 2018 har årsmøtet i idrettslaget Bjørn vedteke å innføre treningsavgift for alle aktive medlemmar. Barneidrett og trim under 20 år er unnateke treningsavgift – dei betaler berre medlemspengar.

Overgangen frå berre medlemspengar til medlemspengar og treningsavgift vil ikkje merkast av dei som er med på ein aktivitet, dei vil totalt betale om lag det same i 2018 som dei gjorde i 2017.
Dei som er med på fleire aktivitet vil få tilsendt treningsavgift per aktivitet. 

Generalsponsor

Treningsavgift per gruppe 0-5 år 6-12 år 13-19 år 20-25 år 26+
Fotball 0 500 800 1500 1500
Handball 0 200 400 1200 1200
Symjing 0 200 400 1000 1000
Trim og barneidrett 0 0 0 700 700
Ski 0 500 500 1200 1200

Innmelding

Fordeler med medlemskap

Det er sosialt å vera med i eit idrettslag, og VÅRT idrettslag treng akkurat DEG med på laget.
For din kompetanse, for ditt engasjement, for dine idear og for rekruttering.

Medlemmer i idrettslaget Bjørn får 15 % på alle ordinære varekjøp på Sportsbui AS