Bjønnarennet 2018
29.mars 2018 går det 51. Bjønnarennet av stabelen på Nigardsgrandane i Jostedalen.
Påmelding HER innan 27.03 (etterpåmelding innan 28.03 til oddmund.lefdal@gmail.com). Trimklasse melder seg på ved oppmøte på renndagen.
Ski
Me har lagt bak oss ein ny flott sesong, med god aktivitet og mange gode resultat. Sjølv om rekrutteringa til langrenn har vore dalande dei siste åra, så leverer utøvarane våre svært gode resultat. Ekstra moro var det å sjå Bertine i kvartfinalen i sprinten under NM, og Hallvard frå Tour de Ski China. Alltid moro å sjå Bjørnløparar på TV.
Klar til ny sesong
I sommar har det som vore svært flotte forhold ved Sognefjellshytta, og mange av våre utøvarar brukte løypene mykje. Me er heldige som har slike forhold så nære. I skrivande stund er me i gong med oppkøyringa til ny sesong. Etter haustferien starta me opp att med dei organiserte treningane. For dei som er 12 år og eldre så er det i og år og eit tilbod om å vere med på ekstra treningar i regi av Sognalangrenn. Dette er eit samarbeid mellom klubbane Bjørn, Hafslo, Sogndal, Syril, Kaupanger, Jotun og Årdalstangen. Me ønskjer alle, både store og småe, lukke til med ein ny skisesong!
Følg gjerne skigruppa på Facebook. Her rapporterer me gjennom heile sesongen om løypeforhold, skirenn og resultat.
Styret i skigruppa i 2017 er:
Anne-Britt Gauteplass, Oddmund Lefdal og Tore Sønnesyn (leiar).