symjing

Symjing

Symjegruppa til IL Bjørn vart stifta vinteren 2011 - over eit år før Lustrabadet stod ferdig. Slike optimistar er gull for frivillige lag og organisasjonar. Dei har frå oppstarten av samarbeida tett med symjegruppa til Sogndal IL, og våren 2013 laga dei saman til instruktørkurs for å rekruttere fleire symjetrenarar. Hausten 2013 byrja det fyrste symjekurset for born i Lustrabadet, og det har sidan vore kurstilbod både haust og vår for små og store. Kursa har vore populære, og fleire av borna som har deltek lærde fort å symje betre enn foreldra sine. Medlemstalet til symjegruppa har lege stabilt rundt 50 medlemmer, og her er plass til fleire!