sponsorar

Generalsponsor

Me er so heldige at me har med oss vår lokale bank Luster Sparebank på laget. Dei står sterkt bak mottoet sitt «aktiv og tilgjengeleg» og det kunne ikkje høva betre for idrettslaget at dei fremjar slike verdiar. Dei støttar oss både økonomisk og med diverse materiell, det er tydeleg at dei ynskjer å sjå aktive born og vaksne i nærmiljøet sitt. Siste tida har dei og vore ein god bauta for oss i innføringa av Vipps i alle undergruppene, noko som har gitt oss gode tilbakemeldingar og auka handel frå publikum og slik auka inntekstmoglegheiter for idrettslaget. Ein vinn-vinn situasjon. Tusen takk til Luster Sparebank for god støtte og ypparleg kundehandsaming!

Hovudsponsorar

Med på laget har me fått fire staute Lustraverksemder:

Spar Gaupne

er leverandør av alt me treng til kioskdrifta vår, dei tek inn varene me treng, og hjelper oss i tillegg med sal av Bjønnaposten. Etter at me la om til ein sunnare kiosk har omsetninga til idrettslaget dobla seg i kiosken, og det er tydeleg at publikum og medlemmer set pris på god, sunn idrettsmat! Me er glad for å ha Spar Gaupne med på laget.

Statkraft

Me er so heldige at me har Statkraft region midt-Norge lokalisert i kommunesenteret vårt, Gaupne. Her jobbar det fleire som har vore, og er aktive og brenn for idrettslaget Bjørn. Det å få økonomisk støtte frå lokale, store selskap gir oss tryggheit i kvardagen og me kan planlegge langsiktig. Statkraft står for rein energi, og bidreg til at me kan halde liv i eit god tilbod til framtidige generasjonar gjennom eit godt tilbod innan idretten. Takk for at de heiar på oss Statkraft!

Luster Energiverk

vår energipartnar. Dei har adresse Gaupne og held er eit solid selskap med stødig drift, og dei understrekar at eit av oppgåvene deira er å vere ein aktiv støttespelar i lokalmiljøet. Dette får idrettslaget nyte godene av, og er heldige og har dei med på laget vårt.
Luster Energiverk er hovudsponsoren til Bjønnarennet, som tradisjonelt går av stabelen Skjærtorsdag kvart år, og rennet feira 50-års jubileum i 2017.

Sportsbui AS

er leverandør av kleskolleksjonen vår, og innkjøpspartnaren vår på utstyr og materiell frå Scantrade. Alle medlemmer av idrettslaget får 15 % rabatt på alle varer i butikken, og Sportsbui er hjelpsame med å ta inn det me måtte trenge til vår daglege drift. Me er heldige som har ein velutstyrt sportsbutikk i nærmiljøet vårt, og me oppmodar alle medlemmene våre til å vere flinke til å handle heime. Takk for støtte og godt samarbeid Bjørn og co, de løftar idrettslaget opp og fram.