Arrangera heimekampar

Arrangera heimekampar -- gjeremål og hugseliste

Kioskvakt - sjå her.

Arrangøransvar/hallansvar:

  • Dersom fleire lag spelar i hallen same dag, er eitt lag sett opp med hallansvar (arrangøransvar), sjå liste på nettsida. Dette laget ordnar med kiosk, sekretariat og kampvert heile dagen, men fordeler dugnadsvakter også på dei andre Bjørn-laga som spelar.
  • Bjørn-laget med hallansvar har også ansvar for kiosk og sekretariat på kampar der Bjørn-lag ikkje spelar. Ingen gjestande lag skal påleggjast vakter eller oppgåver sjølv om dei formelt er heimelag.

Lagleiaren for laget med arrangøransvar:

  1. set opp dugnadsliste for dagen og informerer om arbeidsoppgåver
  2. skaffar kampvert
  3. skaffar sekretariat – to personar (fleire om det er mange kampar og trengst rullering, tre personar dersom LIVE-kamprapportering)
  4. skaffar kioskvakter – to personar (fleire om det er mange kampar og trengst rullering) - sjå eigen kioskinstruks
  5. skriv ut kamprapportar for alle kampar den dagen, det er nyttig å ha for sekretariatet sjølv om digital kamprapport skal sendast på LIVE og ikkej papir etter kampen. Skriv ut frå TurneringsAdministrasjon (TA), for då blir fødselsdato med, det blir dei ikkje om ein skriv ut frå handball.no

Kampverten (Fair play-vert):

  1. møter i hallen 1 time før kampstart
  2. syter for at dommarane (opp til 11 årsklassen) får dommarrekningsskjema
  3. har kampvert-vest (ligg på vaktrommet) slik at alle veit kven dei kan venda seg til under arrangementet
  4. merkjer garderobane med velkomen-skilt og namn på laga – laminerte skilt ligg i skåp nr 1  på vaktrommet
  5. syter for at hallen er open når laga kjem, tek imot gjestande lag og ser til at hallen blir låst etter kamp
  6. har ansvaret i hallen under kamp, held kontakt med dommarar, lag, sekretariat og kiosk og ser til at alt går som det skal
  7. ordnar med kaffi (gratis) til sekretariat, trenarar/lagleiarar og dommarar
  8. hengjer/set opp reklamebanner og strandflagg – alt materiell ligg i styrkerommet – rydda vekk etterpå
  9. vakt under kampen: sjå til at ingen uvedkomande er inne i hallen. Dei einaste som har høve til å vera i hallen under kamp, er spelarar og trenarar/lagleiarar som står oppførte på kamprapporten, dommarar og sekretariat, og funksjonærar som har løyve frå kampverten.

Sekretariatet

Har to (tre) funksjonar/personar:

  1. tidtakar (styrer klokka)
  2. sekretær (fører kamprapport)
  3. LIVE (sanntids) kamprapportering (gjeld ikkje alle lag)
  4. ein i sekretariatet er dessutan speaker – bør vera sekretæren

Gjeremål:

  1. rigging: henta 2 bord og 3 stolar (under trappa inne i hallen) til sekretariatet, som skal vere nærast mogleg midten, ev. leggja grøne gymmatter under borda
  2. henta 1 benk til kvart lag (innbytarbenk), ca 5 meter frå midten, leggja to matter under kvar benk
  3. henta tavlekontroll (klokke), mikrofon og sekretariatperm i skåp bak sekretariatet i hallen og på vaktrommet -- det er mykje nyttig info i permen
  4. passa på at tavlekontrollen er lada
  5. montera mikrofon og skru på og sjekke at lydanlegget verkar, ordna med musikk i hallen
  6. dersom LIVE kamprapport må ein i sekretariatet ta med nettbrett/pc sjølv, det ligg ikkje i hallen – bør ha touch-skjerm
  7. etter siste kamp: rydda vekk bord, stolar, matter, tavlekontroll, mikrofon og sekretariatperm

Sekretariatet sine oppgåver under kamp er regulert av regelboka. Særleg viktig:

  1. telja mål og ta tida
  2. føra kamprapport fortlaupande under kampen (ev. også LIVE)
  3. stogga kampen når trenarar ber om lagstimeout
  4. sjå til at innbyta føregår korrekt

Spørsmål:

  • om klokke og rutinar: John Oddvar Vinda, 41 50 96 77
  • om LIVE kamprapportering: Tone Thomassen, 93 44 54 82
  • (ev. Oddmund Hoel, 97 02 11 94)

Sist oppdatert 6.1.2020